
Luminated tilbyr i hovudsak tenester på tre ulike område:
Konsulentoppdrag, utvikling, kurs og opplæring.
Me er involvert i både korte, frittståande oppdrag og lengre og større prosjekt. Dette involverer:
Planleggjing
Rådgjeving
Installasjon
Oppsett og konfigurasjon
Me tek i tillegg nokre kundestøtteoppdrag, databerging og slikt, men har ikkje kapasitet til, eller ynske om å tilby dét i stor skala.
Luminated er ikkje eit typisk utviklarfirma, men har likevel ein god del røynsle med oppsett av både backend (tenaroppsett, maskinvare osv.) og oppsett og utvikling av ulike content management systems (CMS).
Me har både utvikla nettsider og løysingar sjølv (i Ruby, Python, PHP m.m.) og tilpassa, konfigurert og brukt mange ulike CMS og blogg-system.
Luminated har mange års røynsle med både utvikling av kurs og kursmateriale og tilretteleggjing av ulike kurs og workshops.
Grunnleggjande og vidaregåande UNIX/Linux
macOS og macOS Server
UNIX/Linux shellprogrammering
Systemadministrasjon på Linux
Nettverkstenester på Linux
Linux på IBM Power8
UNIX/Linux sikkerhet
OpenLDAP
DNS og BIND
Luminated har brei kunnskap i, sertifiseringar for og røynsle med å bruka og undervisa i alle dei store Linuxdistribusjonane (Debian/Ubuntu, Red Hat, SuSE m.m.).
NokRE AV VÅrE
Dette er ikkje såkalla affiliate links, linkar med bonus til oss, så nemn gjerne Luminated i eventuell direkte kontakt med dei:
Knæpp er et lite design- og animasjonsstudio, som hjelper deg å formidle historier folk husker. Vi elsker å få ting til å bevege seg. Uansett om det er en nettside, logo eller film.
Dyktig designer for nettsider, logoar m.m. Har laga Luminated-logoen. Luminated kan formidla kontakt med Daniel.
Eldar Gezalov er dyktig designer, instruktør og utviklar – som lager temaer, kurs og hjelper med utvikling i Blocs (web design app for macOS og iPad og iPhone)