
Luminated har brei røynsle med mange ulike produsentar av både PC-maskinvare og nettverksutstyr. Av nettverksutstyr har me arbeidd med Ubiquity UniFi, MikroTik, Allied Telesis, EnGenius, HP, Apple, Cisco, NetGear, Asus, ZyXEL, TP-Link og mange fleire. Av PC-maskinvare har me arbeidd med dei fleste vanlege merkene på marknaden, men har visse produsentar me tilrår framfor andre.
Lista nedanfor er utstyr som me kan tilby, og som me har gode røynsler med.(Me kan skaffa og arbeida med dei fleste merke, sjølvsagt. Men me vil – serleg på nettverksfronten – tilrå utstyret der me har spissare kompetanse.)
Av tenarmaskinar (PC-server), vil me tilrå Supermicro, alternativt Dell eller Lenovo.
Av nettverksutstyr vil me serskilt tilrå Ubiquity UniFi og MikroTik, dei gjev mykje for pengane og er svært fleksible. Og nokre samanhengar er Teltonika veldig interessante. Elles er det bra utstyr tilgjengeleg frå EnGenius, Cisco, Ruckus og Allied Telesis, det er stabilt og fint (men det meste er i eit anna prissegment). UniFi er enklare i oppsett, mykje meir automatisert og fancy enn MikroTik RouterOS. Sistnemnde gjev meir maskinvare for pengane og de. (Andre merke kan òg vera aktuelle å arbeida med, Luminated har røynsle frå mykje. Ta ev. kontakt for konkrete spørsmål.)
Luminated kan skaffa det meste gjennom våre distributørar. Firmaet tener ikkje primært pengar på sal av maskinvare, men ved tenester. Andre ting me kan ha på lager:
Kablar, adapter/overgangar o.l.
Rekvisita
Straumforsyningar
m.m.