Om Luminated

Firmaet Luminated vart starta i januar 2014 av Filip Stokkeland. Det er eit einskildpersonføretak, registrert i Brønnøysundregisteret, org.nr. 813 058 952.

Filip har arbeidd i databransjen sidan fyrste halvdel av nittitalet. Han har arbeidd i firma som Skrivervik Data og Linpro (seinare RedPill Linpro). Bakgrunnen er både brukarstøtte, konsulentoppdrag, systemadministrasjon og kursverksemd.

Firmaet har gode samarbeidspartnarar på web design og logo design og har i tillegg eit stort nettverk etter mange år i databransjen. I tillegg har me gode avtalar med ulike leverandørar av både maskinvare og tenester.

Det som gjer Luminated unike, er både kombinasjonen av breiddekompetanse spissare kompetanse på ulike område, og fleksibilitet og god kommunikasjon og evne til gjennomføring.

Ein viktig kjerneverdi i firmaet er ærlegdom.

Om denne sida

Denne sida er utvikla med den statiske sidegeneratoren Hugo.
Hugo Logo

Luminated har brei røynsle med ulike innhaldsløysingar og publiseringsteknologiar. Du kan lesa meir om dette på kompetanse-sida.

Ta gjerne kontakt dersom desse sidene ikkje ser bra ut i nettlesaren din, så sant det er ein nokonlunde moderne nettlesar.

Om firmanavnet

Ordet «Luminated» er henta frå det latinske ordet «lumen», som tyder ljos. Det engelske ordet illuminated er eit vanleg ord bygd på lumen. Så ordet kan tyda «å ha kunnskap», å vera bright (altså skarp/opplyst) eller noko i den duren. Namnet vart ikkje valt ut frå noka stort djupare meining enn dette, men av di det verka som eit brukande domenenamn.