Knæpp er et lite design- og animasjonsstudio, som hjelper deg å formidle historier folk husker. Vi elsker å få ting til å bevege seg. Uansett om det er en nettside, logo eller film.
Våre tenester
Våre tenester
Luminated kan i hovudsak tilby tenester på tre ulike område:
Konsulentoppdrag
Me er involvert i både korte, frittståande oppdrag og lengre og større prosjekt. Dette involverer:
- Planleggjing
- Rådgjeving
- Installasjon
- Oppsett og konfigurasjon
Me tek i tillegg nokre kundestøtteoppdrag, databerging og slikt, men har ikkje kapasitet til, eller ynske om å tilby dét i stor skala.
Utvikling
Me er ikkje eit typisk utviklarfirma, men har likevel ein god del røynsle med oppsett av både backend (tenaroppsett, maskinvare osv.) og oppsett og utvikling av ulike content management systems (CMS). Me har både utvikla nettsider og løysingar sjølv (i Ruby, Python og PHP) og tilpassa, konfigurert og brukt system som Joomla, Bolt CM, CMS Made Simple, HTMLy, Subrion, Grav, HTMLy, Drupal, October CMS, TextPattern, MiddleMan, Jekyll, Hugo og Wordpress.
Kurs og opplæring
Luminated har mange års røynsle med både utvikling av kurs og kursmateriale og tilretteleggjing av ulike kurs og workshops.
Aktuelle tema:
- Grunnleggjande og vidaregåande UNIX/Linux
- macOS og macOS Server
- UNIX/Linux shellprogrammering
- Systemadministrasjon på Linux
- Nettverkstenester på Linux
- Linux på IBM Power8
- UNIX/Linux sikkerhet
- OpenLDAP
- DNS og BIND
Luminated har brei kunnskap i, sertifiseringar for og røynsle med å bruka og undervisa i alle dei store Linuxdistribusjonane (Debian/Ubuntu, Red Hat, SuSE m.m.).
Våre tenestepartnarar
Her er eit utval av våre samarbeidspartnarar på tenester:
(Det er inga sporing av klikk, så nemn gjerne Luminated i eventuell
direkte kontakt med dei.)
Design og logodesign:
Daniel T.
Dyktig designer for nettsider, logoar m.m. Har laga Luminated-logoen. Luminated kan formidla kontakt med Daniel.