Webhotell og nettverkstenester

Luminated tilbyr ulike nettverkstenester:

  • Konsulenttenester for nettverksoppsett (LAN, trådlaus og kabla, ruting og svitsjing)
  • Ulike Internett-tenester:
    • Leige (og ev. oppsett og drift) av VPS (virtual private servers, virtuelle tenarar, frå tredjepart)
    • Webhotell (vev/nettside, e-post o.l. på delt tenar)
    • E-post (spesialisert e-post med garantert bra «sender IP reputation»)
    • Registrering av domenenamn

I lista nedanfor finn du våre hovudleverandørar av nettverkstenester. Desse har me valt på bakgrunn av bra stabilitet, kvalitet og fart (performance) over tid. Ta gjerne kontakt for å høyra kva me kan tilby og tilrå for å løysa dine oppgåver.

I ein del samanhengar er det likevel mest effektivt for kunden å sjølv ha kundeforhold direkte med våre leverandørar. Då er det kjekt for Luminated som såkalla «affiliated provider» dersom du kan nytta linkane nedanfor ved bestilling:
 

Våre leverandørar

(Dette er såkalla affiliate links.)

MyW

Delt webhotell med e-post og whitelabel ticket support.

Inception Hosting

Delt webhotell, virtuelle tenarar (VPS).

MyRoot.PW

Delt webhotell, dedikerte tenarar (servers) og LIR-tenester (IP-adresser).

E-post og DNS

MXroute

E-posttenester med garantert god sender IP reputation. Dersom du ynkjer e-posttenester frå MXroute, men treng hjelp med oppsett, ta kontakt.

1984

Islandske 1984 Hosting tilbyr den glimrande tenesta FreeDNS, i tillegg til webhotell, administrerte og uadministrerte virtuelle tenarar (VPS).

(Klikking/bestilling via desse to siste linkane gjev ingen bonus for oss, så nemn gjerne Luminated i eventuell ordre/bestilling.)