Maskinvare

Me har brei røynsle med mange ulike produsentar av både PC-maskinvare og nettverksutstyr. Av nettverksutstyr har me arbeidd med Allied Telesis, HP, Apple, Cisco, NetGear, Asus, ZyXEL, TP-Link og mange fleire. Av PC-maskinvare har me arbeidd med dei fleste vanlege merkene på marknaden, men har visse produsentar me tilrår framfor andre.

Lista nedanfor er utstyr som me kan tilby, og som me har gode røynsler med.
(Me kan skaffa og arbeida med dei fleste merke, sjølvsagt. Men me vil – serleg på nettverksfronten – tilrå utstyret der me har spissare kompetanse.)

 

PC/server

Av tenarmaskinar (PC-server), vil me tilrå Supermicro, alternativt Dell eller Lenovo.

Supermicro-logo

 

Nettverksutstyr

Av nettverksutstyr vil me serskilt tilrå MikroTik, dei gjev mykje for pengane og er svært fleksible. Elles fungerer Cisco, Allied Telesis og andre stabilt og fint (men er i eit anna prissegment). Ubiquity er òg bra, kan vera litt enklare i oppsett for nykomarar enn MikroTik RouterOS.

Mikrotik-logo   RouterBoard-logo

 

Ymse

  • Kablar o.l.
  • Rekvisita
  • Straumforsyningar
  • m.m.

Me kan skaffa det meste gjennom våre distributørar.