
Firmaet Luminated vart starta i januar 2014 av Filip Stokkeland. Det er eit einskildpersonføretak, registrert i Brønnøysundregisteret, org.nr. 813 058 952.
Filip har arbeidd i databransjen sidan fyrste halvdel av nittitalet. Han har arbeidd i firma som Skrivervik Data og Linpro (seinare RedPill Linpro). Bakgrunnen er både brukarstøtte, konsulentoppdrag, systemadministrasjon og kursverksemd.
Firmaet har gode samarbeidspartnarar på webdesign og logodesign og Filip har eit stort kompetansenettverk etter mange år i databransjen. I tillegg har me gode avtalar med ulike leverandørar av både maskinvare og tenester.
Det som gjer Luminated unike, er både kombinasjonen av breiddekompetanse spissare kompetanse på ulike område, og fleksibilitet og god kommunikasjon og evne til gjennomføring.
Ein viktig kjerneverdi i firmaet er ærlegdom.

Luminated
Ordet «Luminated» er henta frå det latinske ordet «lumen», som tyder ljos. Det engelske ordet illuminated er eit vanleg ord bygd på lumen. Så ordet kan tyda «å ha kunnskap», å vera bright (altså skarp/opplyst) eller noko i den duren. Det framstod som eit fint namn, har elles ingen djupare mystikk. Logoen er utvikla av vår gode ven Daniel T. (Luminated kan ev. formidla kontakt med han, om det er aktuelt.)